On sale for 2 months
Event is in 2 months

Venue

Additional details

Doors open: 19:00
Price: 400.00 kr

Denne kvelden kan du oppleve gudbrandsdølen Marie Klåpbakken og trioen hennar i ei heilt spesiell ramme, på Gammel-Kleppe kulturarvhotell, staden Marie forelska seg i under Gudbrandsdalsturneen i fjor. Her, mellom lafta hus, utsyn over dalen og eit hotell som ber historia i veggane, inviterer dei til ein intim og nær konsertkveld.

Dørene opnar kl. 18.00, og publikum kan kjøpe seg noko forfriskande i baren, rusle mellom husa og kjenne på stemninga før konserten startar. Gammel-Kleppe er eit levande kulturminne, og ein perfekt plass for musikken trioen tek med seg.

Marie er kjend for sitt karakteristiske felespel og si jordnære stemme. Etter suksessen med albumet Her og Nå og fleire populære singlar, reiser ho igjen på vegen med eit av sine mest unike musikalske samarbeid.

• Olav Mjelva (Røros) – ein av landets fremste felespelarar, rå i uttrykket og kjent for arbeidet sitt i alt frå folkemusikk til Ringenes Herre-serien.
• Hans Martin Storrøsten- ein allsidig gitarist med en unik driv og nerve i spillet sitt!

Konserten byr både på heilt nye låtar og kjende favorittar. Dette er musikk som rører, begeistrar og gir publikum både kraft, glimt i auga og tekstar til å ta med seg vidare.

Velkomen til ein stemningsfull sommarkveld på Gammel-Kleppe!

Tickets on sale now From 400.00 kr

Buy tickets

Marie KlÅpbakken
Marie KlÅpbakken
17 July 2026 Gammel-Kleppe kulturarvhotell
event-page-view